Terje Torsheim

Bidrag fra denne personen

Her kan du lære om hud, hudceller, DNA og mykje meir om kroppen vår. Du begynner med huda og zoomar deg stadig "innover" i kroppen. Levande og gode illustrasjonar gjer dette spennande. Ein får også poeng etter kvart som ein utforskar dei ulike elementa. Eigen lærarmanual med framlegg til oppgåver og øvingar kan også lastast ned. Den er diverre ikkje kommen i norsk utgåve endå, men ein kan velje f.eks. svensk tekst. 

 

Her kan du få ei samla oversikt over elevane dine. Du importerer informasjon om elevane, registrere manuelt, eller elevane kan registrere og fotografere seg sjølv direkte i appen. Du kan sortere elevane etter klasse eller gruppe. Flott muligheit til å legge inn informasjon om fråvere, forseintkomming, mobilbruk osv. Om du legg inn informasjon om foresatte, så kan ein også kontakte desse direkte via appen.

 

Dette er ein ganske avansert app, som likevel er enkel å bruke. Her kan du lage din eigen musikk. Du kan ta opp ulike lydspor eller bruke virtuelle instrument, og deretter mikse det saman på din eigen måte.  

Denne appen lar deg teikne og forklare direkte på eit bilete eller ein illustrasjon. Appen lagar ein film av det du teiknar og det som du forklarar munnleg. Dette er ein fin app for bl.a. omvendt undervisning. Den fungerer også godt til å lage små instruksjonsvideoar.

Dette er ein veldig flott app som inneheld 3D-modellar av ulike delar av menneskekroppen. Ein kan rotere og utforske modellane ved eit enkelt touch-basert brukargrensesnitt. Appen inneheld også mykje god faktaopplysning om kroppen vår, og ein kan teste sine kunnskapar via ulike quizar.

På kort tid kan du produsere din eigen musikk takka vere eit stort utvalg av profesjonelt produserte loopar og stilar. Du kan kombinere sang og ulike instrument for å den lyden du ynskjer.

Dette er ein fin app som lagar system over informasjon som du må lese, men som du ikkje har tid til å lese akkurat no. Du kan lage ei hugseliste over kva som skal lesast, og lese det når du har tid. Lista vert lagra i nettskya, slik at du kan hente fram at artiklane frå evt. andre datamaskiner/nettbrett som du nyttar deg av.

OneNote blir ofte kalla for ein digital ringperm. Appen gir deg høve til å opprette digitale ringpermar, som på ein veldig praktisk og intuitiv måte er inndelt i skilleark og enkeltsider. Ringpermane kan lagrast i nettskya, og synkroniserast/delast med fleire einingar. OneNote er eit veldig nyttig studieteknisk verktøy. Må prøvast :-)

 

Flott app som gjer nettbrettet ditt om til eit piano. Mange ulike innstillingar og ein fin måte å starte med innøving av pianoferdigheiter.

Morosam app som lar deg lage fantasifulle bilete ved hjelp av kvadrat, trekantar og sirkelsektorar.

Artig app der vi drar på skattejakt. Her lærer vi å telje og lese engelske ord og bokstavar, samt mykje anna spennande på ein svært underhaldande måte.

Ein veldig brukarvennleg og touchbasert app for å lage tankekart. Trykk to gongar der du vil ha eit nytt underpunkt. Enklare kan det ikkje bli.

Artig app for innøving av engelske ord og bokstavar. Passar for barnehage og opp til og med tredjeklasse. Kombinasjon med bokstavar ord og lyd gjer det morosamt å øve med denne appen. Det blir ekstra motiverande når ein får belønning etter kvart som ein meistrar dei ulike oppgåvene. Ein får også trena leseferdigheitene sine via denne appen.

Dette er ein herlig app som inneheld svært mange aktivitetar/spel. Belønning og stadig nye utfordringar gjer at spela blir fengande. Her kan ein trene på fargar, former, dyrelydar, tal og mengder, subtraksjon og addisjon. Det er også mange fengande puslespel.

 

Digital utgåve av Gyldendal sine lærebøker. I tillegg til den tradisjonelle boka, vil appen i framtida gi deg høve til å få teksten opplesen. Du skal også kunne notere direkte i boka, søkje på ord/emner, og raskt kunne hente fram supplerande digitale læringsressursar til emnet du les om.

Ein av verdens mest nedlasta læringsapp. Her kan born tidleg i barneskulen lære å løyse likningar på ein motiverande og fengande måte. Elevane tenkjer ofte ikkje over at dei jobbar med matematikk, og dei tykkjer det er eit morosamt spel.

Flott app for for å lære å løyse likningar. Baserer seg på skålvektprinsippet, og visualiserer på ein fin måte kva som skjer dersom ein utfører ugyldige rekneoperasjonar. Ein kan legge inn eigne oppgåver, der elevane må finne ut kor mange fyrstikker som er inne i øskja.

Her kan ein på ein enkel og grei måte lære om alle dei fire rekneartane. Appen er veldig visuell og vi kan få sjå dei ulike mengdene vi reknar med. Appen er veldig fin på trening av multiplikasjon av tal med fleire siffer. Ein kan også få stegvise tips om ein ber om dette.

Veldig enkel og visuelt god inngang til innlæring av teljing, addisjon og subtraksjon. Mange ulike spel og øvingar. Alltid hyggelig å få høyre "You are good" når ein lukkast.

Ein veldig populær app som lar deg blande dine eigne fargar. Du kan male med oljemaling på ulike typar papir og lerrete. Du kan knipse dine eigne bilete direkte frå appen, for deretter å måle på fotografiet. Dette kan vere ein fin funksjon i samband med innredning av eit klasserom.

Smart fargeleggingsapp. Appen nyttar seg av Bing sin søkemotor, og du vil kunne søke på skisser, bokstavar, tal, labyrintar osv, som treng fargeleggast. Fin app for innlæring av fargar, tal, mengder og bokstavar.

Flott "dra og slipp"-app der vi begynner med å lære å telje, og tar steget vidare til enkel matematikk. Mange oppgåver og flotte visualiseringar. Kan også nyttast i engelsktimar, då ein vil lære mange engelske ord her.

Veldig fin app for å illustrere mengder, addisjon og subtraksjon. Her legg eller trekkjer i frå 1-arar og 10-arar og byggjer opp ulike mengder.

Flott norsk app der vi får hjelp til å lære klokka. Spel, videoar og øvingar gjer det lystbetont å lære om klokka. Her lærer vi klokka både analogt og digitalt.

Veldig fengande app med terningkast. Skikkelig realistisk lyd og positive tilbakemeldingar. Her brukar ein terningane til å visualisere både addisjon og subtraksjon. Du kan velje kor mange terningar du vil nytte. Også mulighet for å øve på multiplikasjon.

Ein flott app for innlæring av bokstavar og for å lære engelsk uttale av bokstavar og ord. Vi veljer først bilete av eit dyr eller ein gjenstand, og må deretter pusle bokstavane på plass. Vi får heile tida høyre bokstavlyden, og når ordet er ferdig, får vi høyre heile uttalen. Sjå eksempel i videoen som er lenkja til ovanfor biletet.

Dette er ein veldig lystig og morosam app. Appen er bygd opp etter puslespelmetoden. Her puslar vi på plass former, vi puslar i hop bokstavar, og vi koplar bokstavar mot ord. Vi lærer også om tal og mengder. Der dei ulike tala visuelt er kopla mot korrekt tal gjenstandar.

Dette er ein app der ein tidleg kan starte med å leike med bokstavar. Som de ser så er den veldig visuel, samtidig som den er tilpassa små og litt unøyaktige barnehender. Slurvar ein for mykje må ein prøve på nytt. Dersom ein lukkast kjem det fram eit bilete av ein gjenstand som byrjar på den bokstaven du nettopp har teikna.