Padlet -digital vegg for samskriving

Padlet er ei interaktiv oppslagstavle der alle med tilgang til lenkja kan skrive.

Teknologi:

http://padlet.com/

Eg opprettar ein padlet ved skulestart for faggruppa mi som vi bruker gjennom året.

Vi bruker padlet i matematikktimane til ulike aktivitetar. Elevane har enkel tilgang til sida. Eg plar å vise sida på prosjektøren, og etter kvart som kommentarar frå elevane dukkar opp, oppdaterer sida seg. Elevane kan til dømes skrive svara på oppgåvene dei reknar ut, etter kvart som dei blir ferdige. Dei ser då ulike svaralternativ, og det oppstår ofte diskusjonar og spontant samarbeid, der elevane kjem fram til riktig løysing i fellesskap. Dette avheng sjølvsagt av styringa mi. Andre gonger ynskjer eg berre diskusjon etter eit visst tal minutt, slik at alle har prøvd seg fyrst. Dette er oppgåver der elevane sjølvsagt ikkje har nokon fasit.

Framlegg til bruksområde

• oppsummering - sjekke forståing

• leksetest

• repetisjon

• oppdage misoppfattingar

• kva kan dei frå før?

• idemyldring

• innspel og framlegg

• dele lenkjer til relevante sider

Fordelar ved ei slik økt

• synleggjering av arbeidet i klassen

• deltaking frå alle

• ser at andre gjer same feil

• anonymitet gjer at det ikkje er flaut

• avdekkje og avlære misoppfattingar

• diskusjon i fellesskap

Døme:

Eg skriv oppgåva på tavla eller rett i padleten. Når elevane har rekna oppgåva, postar dei svaret sitt anonymt på padleten.

Anne Cathrine Gotaas, lærar ved Sandvika videregående skole, Bærum

 

Skriv et blogginnlegg

Vi vil gjerne høre dine erfaringer med bruk av IKT. Her kan du skrive og publisere blogginnlegg.

Relaterte blogginnlegg

  • 3D-tegning i Onshape

    3D-skrivere blir stadig mer vanlig i norske bedrifter og også i en del norske skoler. For å få filer som kan skrives ut i en 3D-skriver kan en bruke ulike verktøy, som Minecraft, TinkerCAD, SketchUp og Onshape. De tre siste er nettbaserte programmer, Minecraft krever installasjon. Vi på Jakobsli skole har benyttet oss av Onshape for å bygge husene til elevene som skal benyttes i ulike fag senere.
  • Bruk av 360°-kamera i musikk og kroppsøving

    Dans er en øvelse som elevene skal innom i både musikk og kroppsøving, og i tillegg skal digitale ferdigheter øves i alle fag. Ved å bruke 360°-kamera kan elevene nå målene i flere fag, og samtidig øve seg på digitale ferdigheter gjennom filming og filmredigering.
  • Å etablere en ikke-personlig Apple ID

    Om man skal bruke iTunes på jobben og andre også skal ha tilgang til denne, er det lurt å etablere en Apple ID i jobbens navn. Se hvordan du kan gjøre det.

Finn oss på sosiale medier