Norsk fagdag Vg1 – Nynorske ordklassar på film

Elevane skal lage ein film med ordklassane i hovudrolla. Dei skal forklare kva dei enkelte ordklassane går ut på. Heile filmen skal vere på nynorsk.

Liv Marie Schou, lærar ved St. Halvard videregående skole, Lier

Opplegg:

Elevane skal lage ein film på maks fire minutt om nynorske ordklassar. Dei vel sjølv kva ordklassar dei legg vekt på, men dei må inkludere minst tre av desse ordklassane:

  • substantiv
  • verb
  • adjektiv
  • adverb
  • preposisjonar
  • pronomen
  • konjunksjonar
  • determinativ
  • interjeksjonar

Når filmane er ferdige på slutten av dagen, legg elevane dei ut på Facebook-gruppa. Filmframvisinga er i neste veke. Elevane får karakter, og dei blir vurderte etter om dei:

• viser kreativitet

• har fagleg tyngd

• viser forståing for korleis dei ulike ordklassane fungerer

• har riktig bruk av nynorsk

• har samspel mellom lyd, bilete, tekst og musikk

Kommentar

Dette er eit tidkrevjande opplegg og eignar seg derfor best til fagdagar. Det er mogleg å hente bilete som er frigjevne til fritt bruk, frå til dømes Google og Flickr. Dette er ein kreativ måte å arbeide med språk og grammatikk på, der elevane får høve til å fordjupe seg.

Det er viktig å vere tydeleg på når produkta skal vere ferdige, slik at alle kjem i mål til oppsett tid. Set av eit par timar til filmframvising, der gruppene kan vurdere kvarandre og øve seg på å gje konstruktive tilbakemeldingar. Det er like viktig å vise interesse og ha respekt for arbeidet til andre som å ha fokus på eige arbeid.

Sjå dette dømet på YouTube: Brotsmannskvad, laga av elevar ved Elvebakken videregående skole i Oslo

 

Skriv et blogginnlegg

Vi vil gjerne høre dine erfaringer med bruk av IKT. Her kan du skrive og publisere blogginnlegg.

Relaterte blogginnlegg

Finn oss på sosiale medier