Digitalt kompetent? Klart du kan!

Mange er kanskje i tvil om dei tør eller kan bruke digitale verktøy i læringa. Årsaka er ofte at dei ikkje kjenner at dei meistrar verktøyet eller tenesta godt nok.

«Eg kan ikkje slike datagreier» eller «elevane kan så mykje meir …» er to utsegner eg reknar med fleire har høyrt frå lærarar tidlegare. «Det gjer ikkje noko», plar eg å svare. 

Grunngjevinga:

• som fagperson og lærar veit du kva temaet (Ibsen, andre verdskrig med vidare) handlar om

• du kan kriteria for godt innhald, eit godt svar og ein god prosess

• du veit kva du vil elevane skal oppnå

Elevane bør bli introduserte med mål og kjenneteikn på kvalitet, gjerne også vurderingskriterium. Dersom du også har sjekklister for å hjelpe elevane på vegen, gjev du dei endå større sjanse for å lukkast. Gje elevane fritt spelerom til å bestemme korleis dei vil vise om dei har oppnådd måla. Du treng ikkje leggje deg opp i om dei vel dipity, moviemaker, powerpoint, tekstdokument, flash, føredrag eller liknande.

Elevane kjenner no alle rammene og kan bruke vurderingskriterium, sjekklister og andre hjelpemiddel for å vurdere seg sjølv og kvarandre.

Du kan bruke elevane sine vurderingar og reflektere saman med elevane over arbeidet, og korleis dette heng saman med mål, kjenneteikn på kvalitet osv.

Elevane får arbeidd aktivt med eiga læring: dei veit kva mål dei arbeider mot, korleis dei blir vurderte, og tenkjer kanskje over læringa på ein annan måte enn det dei er vande med. Du kan sjølvsagt involvere elevane i utviklinga av mål, kjenneteikn og vurderingskriterium der det passar. Du bestemmer rammene, men la gjerne elevane bruke verktøy du ikkje har høyrt om, meistrar eller synest er relevant.

Tilrådde nettstader

Tidsskriftet Nordic Journal of Digital Literacy er eit fagleg og pedagogisk forum innanfor bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i læring og utdanning. Når IKT blir integrert i utdanninga, treng heile undervisningssektoren forskingsbasert kunnskap å stø seg til. (http://iktsenteret.no/prosjekter/nordic-journal-digital-literacy)

Guttorm Hveem, tidlegare lærar, no brukarkontakt som arbeider med sosiale medium hjå NDLA. 

 

Skriv et blogginnlegg

Vi vil gjerne høre dine erfaringer med bruk av IKT. Her kan du skrive og publisere blogginnlegg.

Relaterte blogginnlegg

  • Gulrot-piano med Arduino

    Gulrot og Arduino går godt sammen, om en vet hva en skal gjøre. Dette har elever på mellomtrinnet funnet ut av, og de storkoser seg når de jobber med dette opplegget.
  • Use of HTC VIVE Virtual Reality-My Experience with Google Earth VR, and Google Tilt Brush

    The use of virtual reality in the classroom motivates students to explore fantastic new worlds where their only limitation is their imagination!
  • 3D-tegning i Onshape

    3D-skrivere blir stadig mer vanlig i norske bedrifter og også i en del norske skoler. For å få filer som kan skrives ut i en 3D-skriver kan en bruke ulike verktøy, som Minecraft, TinkerCAD, SketchUp og Onshape. De tre siste er nettbaserte programmer, Minecraft krever installasjon. Vi på Jakobsli skole har benyttet oss av Onshape for å bygge husene til elevene som skal benyttes i ulike fag senere.

Finn oss på sosiale medier