Digitale testar

Prøveverktøyet i læringsplattforma “Fronter” kan brukas både til undervegs- og sluttvurdering.

Elevane opplevde at arbeidet på datamaskinene er ei viktig brikke i utøvinga av klasseleiing. Elevane har ein fantastisk reiskap for læring mellom hendene, men også eit fabelaktig høve til avkopling og underhaldning. Dersom arbeidet på datamaskinene ikkje blir opplevd som relevant, er vegen til veners Facebook-status eller artige videoar på YouTube kort. Undervisningsøktene mine følgjer som oftast ein ganske fastlagd og lett gjenkjenneleg struktur for elevane, og startar gjerne med eit fagleg føredrag. I denne delen av undervisningsøkta får elevane ikkje bruke datamaskiner. Introduksjonen og det faglege føredraget tek cirka 10-15 minutt der eg gjerne innbyr til diskusjon.

Etter introduksjonsdelen får elevane arbeide forholdsvis fritt. Dei får ei oppgåve som må løysast ved hjelp av datamaskin og Internett, og dei får i oppdrag å lese nokre sider i boka eg bruker i faget. Boka ligg på nettet, så dei må bruke datamaskinene til dette også. Av og til har eg også funne fram til faglege videoar som dei også skal sjå (på YouTube). Elevane vel sjølve korleis og i kva rekkjefølgje ting skal skje i denne delen av økta. Eg vandrar rundt i klasserommet og rettleier.

Dei siste fem minutta av undervisningsøkta er sett av til testen der eg bruker prøveverktøyet i læringsplattforma. Dette er det kortsiktige og tydelege målet for elevane. Dei som ikkje har gjort det dei skulle i løpet av undervisningsøkta, vil lett falle gjennom her. Det er sjeldan at dette er tilfellet. Tvert om opplever eg at dei fleste gjer sitt beste. At somme glepp undervegs i økta er heilt ok. Mange greier å ta seg inn på eiga hand, og resten greier det når eg påpeikar gleppen. Elevane får ikkje karakterar på desse hyppige testane. Dei er berre brukte for at elevane og eg skal få ein peikepinn på kva dei får til og kva dei må arbeide meir med. Eg bruker berre fleirvalsoppgåver til desse testane, og dei blir retta automatisk av prøveverktøyet i læringsplattforma. Dette gjer at eleven får resultatet frå testen med ein gong dei har levert. Dette er kjent stoff frå operant betinging: Det må vere kort avstand (i tid) mellom den faglege prestasjonen og påskjøninga (testresultatet) for at læring skal vere effektiv.

Det vanskelegaste med opplegget er å lage gode fleirvalsoppgåver. Det er lett å lage «billege» oppgåver som berre testar enkel faktakunnskap, eller å bruke «tøysesvar» som svaralternativ. Sidan kvaliteten på oppgåvene er kritisk, har eg investert ein del tid i å produsere gode oppgåver som eg meiner testar eleven si forståing av fagstoffet og der det er vanskeleg å gisse seg til eit svar. Etter tre år med dette opplegget har eg no bygd opp ein god spørsmålsbank, ei samling av oppgåver, der eg kan velje oppgåver til kvar undervisningsøkt.

Det vil vere ein stor fordel om fleire lærarar går saman om å produsere ein slik spørsmålsbank. Eg gjennomfører jamleg anonyme undersøkingar for å få vite meir om kva elevane synest om undervisninga mi.

Nokre sitat frå elevane:

  • Minitestene gjør at vi faktisk må følge med i timene for å lære noe.
  • Syntes dette opplegget du har på gang er nytt og genialt, aldri vært borti sånn måte å få stoff inn på.
  • Jeg likte miniprøvene mye bedre en penn og papir.
  • Kjempebra opplegg. Liker å ha minitester hver uke, for da kan du teste deg i det du har lært den uka.
  • Mange tester gjør at vi lærer faget, sånn at det faktisk sitter i etterkant.
  • Opplegget har gjort at jeg har lært fagstoffet bedre. 

I tillegg til desse kvalitative tilbakemeldingane, har eg også nokre spørsmål til elevane som gjev kvantitative svar. Her er eit samla resultat frå to ulike årskull: 

Struktur:

Økter på to eller tre skuletimar med

• føredrag og fagleg diskusjon

• oppgåver med bruk av IKT

• korte testar med automatisk retting etter kvar økt

Lærar får veldig god oversikt over progresjonen hjå elevane

Elevane får tydelege, kortsiktige mål

Rune Mathisen, IKT-koordinator Telemark og lærar Hjalmar Johansen videregående skole, Skien

Skriv et blogginnlegg

Vi vil gjerne høre dine erfaringer med bruk av IKT. Her kan du skrive og publisere blogginnlegg.

Relaterte blogginnlegg

  • Digitalt kompetent? Klart du kan!

    Mange er kanskje i tvil om dei tør eller kan bruke digitale verktøy i læringa. Årsaka er ofte at dei ikkje kjenner at dei meistrar verktøyet eller tenesta godt nok.
  • Norsk fagdag Vg1 – Nynorske ordklassar på film

    Elevane skal lage ein film med ordklassane i hovudrolla. Dei skal forklare kva dei enkelte ordklassane går ut på. Heile filmen skal vere på nynorsk.
  • Hvordan utveksle digitale prøver med andre?

    Det å lage digitale prøver i et LMS (Learning Management System) som Its learning, Fronter eller Moodle, kan være svært tidkrevende. Ville det ikke vært greit hvis man kunne utveksle spørsmål man har laget med andre lærere på en enkel måte!? Det kan du gjøre med QTI (Question and Test Interoperability)

Finn oss på sosiale medier